Ei takk til Arbeidstilsynet

Publisert: 30.04.2024

I vinter har Arbeidstilsynet ført tilsyn med fleire av skulane i Sunnfjord kommune. Ein stor del av tilsynet har handla om systematisk HMS-arbeid og handtering av vald og trugslar mot tilsette. Her har tilsynet funne store manglar i Sunnfjord kommune sine rutinar og kome med pålegg om retting.

Arbeidstilsynet avdekkjer ikkje om dei tilsette vert utsett for vald, trugslar og trakassering, men dei avdekker om arbeidsgjevar har gode system til å avdekke det, om dei er i stand til å handtere det om det skulle skje og i kva grad dei stettar krava til arbeidsmiljølova. 

Den 7. februar 2020 hadde tilsetterepresentantar ei sak til handsaming i arbeidsmiljøutvalet i Sunnfjord kommune. Etter ein langvarig diskusjon blei mellom anna følgjande vedteke: 

“AMU ber...kommunedirektøren sjå til at vi har rutinar for korleis vi skal handtere vald og trugslar mot tilsette i skule og barnehage, og sjå til at rutinane vert følgt opp...”  

“AMU ber kommunedirektøren sjå til at leiarane i skule og barnehage har kompetanse i korleis dei skal handtere vald og trugslar mot tilsette i sektoren.”  

“AMU ber kommunedirektøren om å sjå til at sektoren driv haldningsskapande arbeid for å ha ein god avvikskultur...”  

“AMU ber om at kommunedirektøren ser til at dette vert sett på dagsorden i einingane sine trepartsmøte. Både rutineopplæring, rutineoppfølging og avvikskultur”. 

Vi veit at arbeidsmiljøet i skulane har blitt tøffare med åra. Kvifor, kan ein eigentleg ikkje svare skikkeleg på. Ein kan førebels berre spekulere, men lærar har i fleire år fortalt at dette er eit aukande problem. Utdanningsforbundet har nettopp gjennomført ei undersøking gjennom Respons analyse. Her kjem det fram at 70% av dei som svarar har opplevd vald, trugslar eller trakassering ein eller fleire gonger i løpet av 12 månader. Dette er ein auke på 50 % samanlikna med same undersøking gjennomført i 2018.  

Å lese rapporten frå tilsynet i Sunnfjord kommune er interessant sett i lys av vedtaket dei tilsette fekk pressa igjennom i 2020. Tilsynet har mellom anna avdekka følgande: 

“Skulane var i liten grad medviten om minimumskrava til kartlegging og risikovurdering for vald og truslar (frå 2017), og opplæring og øving var ikkje sett i eit system som sikra nødvendig kompetanse...” 

“På enkelte av skulane var det usikkerheit til kva som er eit avvik og ikkje, spesielt med omsyn til det organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøet... Arbeidstilsynet vurderer derfor at skulane må arbeide med å få ein god meldekultur og aktivt bruke avviksmeldingane i eit førebyggande perspektiv.” 

“Risikoen for å kunne bli utsett for ein vald- eller trusselsituasjon var generelt stor i skulane... I tilsyn med skulane kunne det ikkje leggast fram dokumentasjon som viste at vald og truslar var kartlagt og risikovurdert. Det var derfor heller ikkje utarbeidd handlingsplanar med risikoreduserande tiltak”. 

“Arbeidstilsynet si vurdering er at arbeidsgivar ikkje har avsett tid til nødvendig opplæring og øving blant tilsette for å førebygge og handtere situasjonar knytt til vald og truslar i skulen.” 

Tilsynsrapporten viser kort fortalt at skulane ikkje driv systematisk HMS-arbeid slik lova stiller krav om, og at her må gjerast eit omfattande arbeid framover for å sikre at arbeidsmiljøet for dei tilsette er i tråd med lov og forskrift og dei pålegga tilsynet har gitt. Den viser også at AMU sitt vedtak ikkje er følgt opp.  

Etter Arbeidstilsynet sine pålegg er det no sett i verk tiltak, fordi dei snakkar eit språk som blir forstått. Trussel om sanksjonar. I og med AMU i 2020 også var uroa for dei tilsette i barnehagane, har eg eit håp om at kanskje Arbeidstilsynet kan gjennomføre same øving der.  

Stian Jakobsen, HTV

Utdanningsforbundet Sunnfjord