Regional samling i Sogndal

Medlemsgruppe barnehage i fylkesstyret har hatt si første regionale samling i Sogndal. Tillitsvalde frå region Sogn var invitert til ein dag med gode faglege og politiske diskusjonar.

Denne veka har vi møtt tillitsvalde frå region Sogn i vakre Sogndal. På agendaen var tema aktuelle saker, status i barnehagelæraryrket, emosjonelle belastningar knytt til partssamarbeid og arbeidstid. Dette var den første av i alt åtte regionale samlingar vi skal gjennomføre i Vestland, vi gleder oss til fortsetjinga.

Vi takker for stort engasjement, gode diskusjonar og innspel som vi tar med oss i det vidare arbeidet i fylkesstyret.

Heve status.jpg

Fylkesstyret har eit stort ansvar i å målbere medlemmene si stemme i vår organisasjon. Vi treng å vite kva som er aktuelle saker frå grasrota i fylket vårt slik at vi kan sette desse på agendaen.  I tillegg er fylkesstyret bindeleddet mellom lokalt og sentralt nivå slik at vi har ei særs viktig rolle i også å løfte det som rører seg i vårt fylke. Vi meiner vi best vil klare å oppnå formålet til fylkesstyret ved å komme ut og treffe arbeidsplasstillitsvalde og lokallagstillitsvalde i heile Vestland.